Nettsider og bookingsystem som gjer kvardagen enklare. som gjer kvardagen enklare.
kveo lagar nettsider og bookingsystem, koplar saman systema du alt brukar, automatiserer manuelle oppgåver og tek seg av IT-drifta. Kundane dine får enklare bestilling, du får mindre manuelt arbeid, og éin kontaktperson for både utvikling og drift.
NETTSIDER●NETTBUTIKK●BOOKING-SYSTEM●BETALINGSLØYSING●KUNDEPORTAL●WORKSPACE●MICROSOFT 365●E-POST●NETTVERK●HOSTING●DOMENE OG DNS●API-INTEGRASJON●AI-BOT●SMS-AUTOMASJON●ADMIN-PANEL●FAKTURERING●SUPPORT●DRIFT OG OVERVAKING●TRYGG BACKUP●SIKKERHEIT●SEO●DESIGN●TILPASSA PROGRAMVARE●NETTSIDER●NETTBUTIKK●BOOKING-SYSTEM●BETALINGSLØYSING●KUNDEPORTAL●WORKSPACE●MICROSOFT 365●E-POST●NETTVERK●HOSTING●DOMENE OG DNS●API-INTEGRASJON●AI-BOT●SMS-AUTOMASJON●ADMIN-PANEL●FAKTURERING●SUPPORT●DRIFT OG OVERVAKING●TRYGG BACKUP●SIKKERHEIT●SEO●DESIGN●TILPASSA PROGRAMVARE●
Tenester
Tre område. Éin kontaktperson heile vegen.
Kartlegging, utvikling og drift. Me blir ikkje borte når lanseringa er over.
Booking, betaling, medlemskap, PIN-kode og oppfølging i éin samanhengande flyt.
Saunasystrene driv ein privat sauna på Stord der gjestane bookar og låser seg inn sjølv. Gjestane skulle kunne booke, betale og kome inn utan at nokon frå Saunasystrene må vere på staden.
Booking på nett, frå ledig tid til stadfesting
Betaling og medlemskap i same løysing
PIN-kode til døra på SMS, berre gyldig i tidsrommet gjesten har booka
Oppfølging på SMS frå eigen avsendar (SAUNASYSTRE), og ein AI-assistent som svarar på spørsmål døgnet rundt
Kva det gjer enklare: Kvar booking går heile vegen frå bestilling til betaling, tilgang og oppfølging utan manuelle steg. Gjesten får alt på mobilen, og Saunasystrene slepp å dele ut nøklar eller kodar for hand.
Stord Ve og Vel er ein medlemsorganisasjon med medlemsfordelar som utstyrsutleige, leilegheiter og bading. Medlemmane skulle kunne sjå kva som er ledig og reservere sjølv, og administrasjonen trong éin stad å følgje opp reservasjonar og påmeldingar.
Kalender som viser kva utstyr og kva leilegheiter som er ledige
Reservasjon på nett, med innlogging via Microsoft for tilsette
Påmelding til arrangement og bading, med Vipps-betaling
Stadfesting på e-post og «Min side» der medlemmane ser eigne reservasjonar
Kva det gjer enklare: Medlemmane reserverer og betaler sjølve, og administrasjonen ser alle reservasjonar og påmeldingar på éin stad i staden for i e-post og lister.
Me brukar nødvendige informasjonskapslar for at nettstaden skal fungere. Med samtykke frå deg brukar me òg Google Analytics for å forstå korleis nettstaden blir brukt. Ingenting valfritt blir lasta før du har valt, og du kan når som helst ombestemme deg. Les meir i personvernerklæringa
Innstillingar for informasjonskapslar
Vel kva kategoriar du tillèt. Nødvendige kapslar kan ikkje slåast av, fordi nettstaden ikkje fungerer utan dei.
Økt og tryggleik, språk- og temaval, og hugsing av dette kapselvalet. Alltid på.
Google Analytics (_ga, _ga_*) tel besøk og viser kva sider som blir brukte, slik at me kan forbetre nettstaden. Av med mindre du tillèt det.