Tenester
Tre område. Éin kontaktperson heile vegen.
Kartlegging, utvikling og drift. Me blir ikkje borte når lanseringa er over.
-
Nettsider
Raske og oversiktlege nettsider som forklarer kva du tilbyr, og gjer det lett for kundane å ta kontakt eller bestille.
Passar for
Verksemder og lag som treng ei ny nettside, eller vil byte ut ei som er tung å oppdatere.
Neste steg
Fortel kort kva nettsida skal gjere, så avklarer me omfang og veg vidare i ein gratis prat.
Bestill ein gratis prat: NettsiderDu får
- Design og utvikling tilpassa innhaldet ditt
- Nettside som fungerer like godt på mobil
- Eit enkelt verktøy for å endre tekst og bilete sjølv
- Universell utforming frå start
Tekniske døme
Design og utvikling · Publiseringsverktøy som er enkelt å bruke · Universell utforming som standard · Besøksstatistikk med omsyn til personvern
-
Bookingsystem og automatisering
Booking, betaling og oppfølging i éin samanhengande flyt, og integrasjonar som flyttar data mellom systema dine utan manuelt arbeid.
Passar for
Verksemder som tek imot bestillingar, påmeldingar eller utleige, og brukar mykje tid på å følgje dei opp for hand.
Neste steg
Vis oss korleis de jobbar i dag, så finn me ut kva som kan automatiserast og kva som bør vere som før.
Bestill ein gratis prat: Bookingsystem og automatiseringDu får
- Booking på nett med stadfesting til kunden
- Betaling med Vipps eller kort
- Automatiske e-postar og SMS
- Kopling mot kalender og andre system du alt brukar
Tekniske døme
Stripe og Vipps · Kalender og smartlås · Microsoft Graph API · AI-assistentar for kundeservice
-
IT og drift
Oppsett og drift av e-post, kontoar, nettverk og tryggleik, slik at teknikken fungerer og nokon svarar når noko er gale.
Passar for
Små verksemder utan eigen IT-avdeling, eller som vil flytte til Microsoft 365 eller Google Workspace.
Neste steg
Fortel kva de brukar i dag og kva som skaper problem, så føreslår me ein plan.
Bestill ein gratis prat: IT og driftDu får
- Oppsett av Microsoft 365 eller Google Workspace
- Tryggare innlogging med tofaktor
- Hjelp med flytting av e-post og filer
- Éin kontaktperson når noko ikkje fungerer
Tekniske døme
Flytting til Google Workspace · Oppsett av Microsoft 365 · Microsoft Entra ID og tofaktor · Driftsavtale etter behov